Hopp til innhold
X
Innhald

Hummarfisket

Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Eit lite, men ofte lønsamt fiskeri var hummarfisket. På 1700- og 1800-vart det meste av hummaren eksportert til England frå spesielle utskipingsanlegg, der engelske seglskuter med brønn henta hummaren direkte.

Slike samleanlegg vart bygde i Kinnasundet, Florø, Smørhamn i Bremanger og Kolgrov i Solund. Norske kommisjonærar som t.d. A.Grieg & Søn i Bergen var mellommenn. Dei sette opp kontrakt med hummar-fiskarane om pris og einerett til levering.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.01.2009