Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettslag i Flora

Stor jubel etter at fotballaget til FSK har vunne over Førde. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Stor jubel etter at fotballaget til FSK har vunne over Førde. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Florøens Skytterlag

vart skipa i 1862 som eitt av dei første idrettslaga i landet. Skiparane var menn frå dei kondisjonerte klassane i den vesle kystbyen. Dei første åra hadde laget idrettsgruppe og musikklag.

Sverre

skyttarlag i Florø - sjå Florøens Skytterlag.

Ungdoms- og idrettshuset Fram

Ungdoms-og idrettshuset «Fram» vart bygd som lokale for IOGT-losjen «Værn» i Florø i 1893.

Florø Sportsklubb og Florø Turn og Idrettsforening har felles klubbhus ved Florø stadion. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Sportsklubb og Florø Turn og Idrettsforening har felles klubbhus ved Florø stadion. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Turn og Idrettsforening

(Florø Turn & IF) vart skipa 1893 som eit av dei første i fylket.

Florø Fotballklubb

vart skipa i 1912. Første storkampen var mot Brann i Bergen. Florøværingane reiste heim med eit tap på 12-0. Det gjekk betre på 1920-talet, då Florø Fotballklubb vart krinsmeistrar fleire gonger. Då Florø-Varg vart skipa i 1929, vart Florø Fotballklubb etter kvart ein del av denne klubben.

Florø Fotballklubb i 1925.

Florø Fotballklubb i 1925.

Florø-Varg

var ein fotballklubb som vart skipa i 1929, mest for at ungdom som ikkje slapp til i Florø Fotballklubb skulle få eit tilbod. Laget starta seinare med symjing og tennis. I 1940 bygde Varg eiga lagshytte på Kalveneset ved Løkkebøvatnet. Florø-Varg vart i 1945 slegen saman med sportsklubben Atgeir til Florø Sportsklubb.

Fotballklubben «Ready»

vart skipa i 1931 som eit resultat av kløyvinga i den norske idrettsrørsla ved skiping av Arbeidernes Idrettsforening - AIF.

Sportsklubben Atgeir

– sjå Fotballklubben «Ready».

Norddalsfjord Idrettslag

vart skipa i 1938.

Kurt Kurtzhals med kapteinsbindet i den brune FSK-drakta. Eit framlegg om å endre draktfarge vart klart nedrøysta i klubben i 2010, men i 2011 vart det  vedteke at fotballgruppa i FSK skulle slå seg saman med Tempo, og dermed blir det likevel ny draktfarge: Svarte og blå overdelar. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Florø Sportsklubb

vart skipa i 1945 ved at «Atgeir» og «Florø-Varg» vart slegne saman. I 2011 vart fotballgruppa i Florø Sportsklubb slegen saman med Fotbalklubben Tempo til Florø Fotball.

Florø Fotball

- sjå Florø Sportsklubb.

Florø-spelarane jublar etter å ha vunne 3-0 over Sogndal i cupen 2012. Foto: Alf Vidar Snæland.

Florø-spelarane jublar etter å ha vunne 3-0 over Sogndal i cupen 2012. Foto: Alf Vidar Snæland.

Eikefjord Idrettslag

vart skipa i 1967.

Fotballklubben Tempo

vart skipa i 1969 etter usemje i Florø Sportsklubb. Men i 2011 vart Tempo slegen saman med fotballgruppa i Florø Sportsklubb til Florø Fotball.

Florø taekwondoklubb

vart starta i 2007.

Flora disiplin taekwondoklubb

vart starta i 2012.

Kunstgrasbana i Eikefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kunstgrasbana i Eikefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 04.10.2012