Hopp til innhold
X
Innhald

INC-gruppa

Fjord Base på Botnaneset. Vi ser hovudkvarteret til INC på knausen lengst til venstre på basen. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Fjord Base på Botnaneset. Vi ser hovudkvarteret til INC på knausen lengst til venstre på basen. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

INC-gruppa, investerings- og industrigruppe, vart skipa i Florø 1984 av Oddgeir Igland og Per A. Nødseth. hadde i 1979 starta NBN Elektro AS (sjå dette) i Florø, og saman med Oddgeir Igland bygde han opp det største industriselskapet i Sogn og Fjordane retta mot oljeindustrien.

Gruppa eig skipsverft i Brandsøy (West Industri Service - sjå under Fabrikkar, verkstader og verft i Flora) og i Eikefjord (Eikefjord Marine), og har oppdraget med vedlikehald for Elkem ASA Bremanger Smelteverk frå 2002.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå 1991 overtok gruppa også som operatørar av Fjord Base, oljebasen på Botnaneset. INC-gruppa har ei årleg omsetning på 150 millionar kroner. INC-gruppa har også engasjert seg i fiskeoppdrett og forsking gjennom fleire dotterselskap. Eitt av desse er Havlandet Havbruk AS .

Fjord Base med  ein av INC sine bygningar til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjord Base med ein av INC sine bygningar til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010