Hopp til innhold
X
Innhald

Indremisjonslag

Misjonsheimen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Misjonsheimen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Indremisjonslag vart skipa i Kinn og Bremanger i 1865. Då ”Søndfjord Fællesforening av den indre Mission” vart skipa i 1886, vart det samstundes skipa ei ” Kinns Forening” som lokallag for Kinn kommune.

I Florø vart det bygt bedehus kring førre hundreårsskifte, men dette vart rive då indremisjonslaget i byen bygde ”Misjonsheimen” på 1970-talet. I Misjonsheimen er det forsamlingslokale og kontor for fleire kristelege organisasjonar i byen, og sokkeletasjen har vorte leigd ut til forretningsverksemd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2009