Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Lykke Falch Lind

Ivar Lykke Falch Lind (1870-1952) fødd i Førde, busett i Florø og Bergen. Jurist og politikar for Høgre.

Ivar Lykke Falch Lind (1870-1952) fødd i Førde, busett i Florø og Bergen. Jurist og politikar for Høgre.

Han var lensmann i Kinn og Vevring 1893, politimeister i Fjordane 1921-1940. Konstituert fylkesmann i Sogn og Fjordane 1926-1928. Ordførar i Kinn frå 1923 til 1928.

Stortingsrepresentant 1903-1906 og vararepresentant 1910-1912.

Falch Lind har fått ei gate kalla opp etter seg i Florø.

Lind var ei tid redaktør av høgreavisa Nordre Bergenhus Amtstidende.

Tildelt 7. juni-medaljen og Haakon VII's jubileumsmedalje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2010