Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Severin Bloch Helmers

I dette området dreiv Jens Severin Bloch Helmers mellom anna sagbruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette området dreiv Jens Severin Bloch Helmers mellom anna sagbruk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jens Severin Bloch Helmers, son av Jens Bloch HelmersFlora gard, bygde frå 1885 og utover ei stor forretning i området der handelshuset AMFI-senteret (tidl. Snorre Senter) ligg idag.

Han bygde dampdrive sagbruk og høvleri basert på virke som han kjøpte inne i fjordane. Helmers dreiv tønnefabrikk og salteri, og hadde eigne fiskebruk. Han eksporterte m.a. ål, laks og skaldyr til Tyskland.

Då Bloch Helmers døydde berre 43 år gamal i 1904, overtok fisketilverkar Gustav Stavøstrand eigedomane og utvida drifta m.a. med ny, stor kai, Han leigde i tillegg andre sjøbuer i Florø, og hadde eiga saltebu på Tansøy. Stavøstrand dreiv også fiskedampskipet Alden, og med lekter på slep reiste han til Lofoten på fiskeoppkjøp. Klippfisken vart tilverka på berga i Florø. Han brukte også drivgarn etter sild i Nordsjøen.

I 1920 tok Abraham Haave over eigedomane etter Stavøstrand i Florø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2010