Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Worm Nagel

Hovudbygningen på den tidlegare futegarden på Bruland i Førde vart i si tid reist på Svanøy av Hans Thiis Nagel som bustad for sonen Jens Worm Nagel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen på den tidlegare futegarden på Bruland i Førde vart i si tid reist på Svanøy av Hans Thiis Nagel som bustad for sonen Jens Worm Nagel. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jens Worm Nagel (1739-1788) Fut i Sunnfjord, busett på Svanøy-godset og i 1758 «påsett» som framtidig fut (det vart kalla adjungered Foged) av den mektige faren sin, fut Hans Thiis Nagel.

Mellomnamnet ”Worm” hadde han etter mora som var dotter til verksdirektøren for det kongelege koparverket i Årdal (sjå Årdal Koparverk). Faren Hans Thiis Nagel bygde eit flott herskapshus til sonen Jens Worm Nagel på Svanøy. Dette vart seinare flytta til Bruland i Førde som futegard der, og er no restaurert i sin opphavelege stand av eigarane Cecilie Castberg Eggen og Per Eggen.

Jens Worm Nagel tok over embetet som fut då faren døydde i 1769. Ekteskapet var barnlaust, og då Jens Worm Nagel døydde, gifta enkja Christiane Margrete seg med kjøpmann Herman Dietrich Janson og flytta til storgarden Damsgaard ved Bergen. Janson selde Svanøy Hovudgard til haugianaren Ole Torjusson Helling, seinare kalla Ole Torjusson Svanøe, i 1804. Predikanten Hans Nielsen Hauge var mellommann ved handelen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2010