Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Sørensen

Jon Sørensen (1866-1936) frå Sandnes, busett i Florø. Lærar og idrettsorganisator.

Lærarskuleeksamen frå Hamar lærerskole 1892. Som student fekk han skipa Hamar Turnforening. Var lærar i Florø 1892-1896, og skipa i 1893 Florø Turn og Idrettsforening.

Han heldt m.a. litteraturhistoriske foredrag for å samle pengar til foreningsdrifta. Grunnla Eidsvoll folkehøgskole i 1909, og tok initiativet til gymnastikk- og idrettsliner ved norske folkehøgskular. Gav ut «Fridtjof Nansens saga» i 1931, ei bok som er oversett til fleire språk.

Æresmedlem av Florø Turn og Idrettsforening 1918.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008