Hopp til innhold
X
Innhald

Jon Strømsnes AS

Jon Strømsnes AS i Havreneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jon Strømsnes AS i Havreneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jon Strømsnes var byggmeister og starta entreprenørselskap i 1959. Han har hatt opptil 12 tilsette. Verksemda hadde først base på Evja, men flytta seinare til Havreneset der Strømsnes kjøpte to industribygg. Byggmeister Dagfinn Frøyen (sjå Frøyen & Frøyen AS) vart medeigar då firmaet vart gjort om til aksjeselskap. Sonen til Jon, Stein Strømsnes, har teke over som dagleg leiar av firmaet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.11.2009