Hopp til innhold
X
Innhald

Kåre Hollevik Ass. landhandel

Bunnpris i Havreneset, tidlegare Kåre Hollevik Ass. landhandel og Safari Lavpris. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bunnpris i Havreneset, tidlegare Kåre Hollevik Ass. landhandel og Safari Lavpris. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kåre Hollevik Ass. landhandel vart starta i Havreneset i Florø i 1954 av Kåre og Laura Hollevik. Ekteparet dreiv også skipshandel som forsynte fiskeflåten med proviant og utstyr. Seinare skifta forretninga i Havreneset namn til Safari Lavpris og vart driven av Hollevik fram til 2007, då lokala vart leigde ut til Bunnpris-kjeda.

Ei tid dreiv Hollevik-familien også ein filial ved Kinnavegen der dei leigde butikklokala etter ein daglegvarehandel som Rolf Rognaldsen hadde drive der.

Sonen til Kåre Hollevik, Atle Hollevik, vart dagleg leiar av firmaet i 1967, og saman med broren Bjørn Erik Hollevik dreia han hovudverksemda over til grossistfirma med leveransar til skip, oljeplattformer og storhushaldningar på land. Safari Engros AS vart skipa i 1986 på den nye oljebasen i Florø og fekk store forsyningsoppdrag til oljeindustrien som då hadde etablert seg i kystbyen.

Utstyrsavdelinga av verksemda vart skild ut som eiga verksemd i 1989 under firmanamnet Florø Forsyningsselskap AS, som seinare fekk namnet Florø Forsyning AS. Dette selskapet vart i 2008 selt til TESS Florø og var i 2010 slege saman med dette. Hollevik-brørne eig også ei rad andre selskap, mellom desse Botnaneset Eiendom AS.

Florø Forsyningsselskap på Fjordbase. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Forsyningsselskap på Fjordbase. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.01.2011