Hopp til innhold
X
Innhald

Kinn Bryggeri AS

Espen Lothe. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Espen Lothe. Foto: Arne Stubhaug, NRK.

Kinn Bryggeri AS i Florø vart starta av Espen Lothe frå Kjølsdalen i 2009. Firmaet produserer øl som i hovudsak blir selt til lokale utestader i Sogn og Fjordane. I 2010 produserte bryggeriet 33.000 liter øl. I 2011 tok omsetnaden av, og dei tre tilsette dobla produksjonen frå året før.

Espen Lothe vart i 2013 tildelt kulturprisen til Flora kommune for ølproduksjonen sin.

Ein av ølsortane til Kinn Bryggeri, Vestkyst, vart kåra til årets Indian Pale 2013.

I 2014 tok bryggeriet til med eksport, i første omgang til Berlin i Tyskland. Espen Lothe vil og lansere ølet i Spania, Brasil, Sverige og Finland.


Espen Lothe med blomster etter å ha blitt overrekt kulturprisen til Flora kommune. Foto: Truls Kleiven.

Espen Lothe med blomster etter å ha blitt overrekt kulturprisen til Flora kommune. Foto: Truls Kleiven.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016