Hopp til innhold
X
Innhald

Kinn kyrkje

Kinn kyrkje er ei steinkyrkja på øya Kinn i Flora kommune i Sogn og Fjordane. Kyrkja vart bygd ca. år 1100 og har eit gåtefullt opphav. Det er mogleg at den vart bygd av kong Øystein.

Kinn kyrkje og Kinnaspelet i 2004. Foto: Arne Stubhaug.

Kinn kyrkje og Kinnaspelet i 2004. Foto: Arne Stubhaug.

I Sogn og Fjordane står det att seks steinkyrkjer frå mellomalderen: I Aurland, Dale i Luster, på Kvamsøy ved Balestrand, på Hove i Vik, på øya Kinn og på Vereide i Gloppen. Av desse er det steinkyrkja på Kinn som har det mest gåtefulle opphavet der den ligg plassert heilt ute ved det stormfulle havet. Like ved kyrkja vert det årlege Kinnaspelet framført. Stykket er basert på dei segnene som knyter seg til kyrkja.

Steinkyrkja på Kinn vart bygd ca. år 1100. Den er 25 meter lang sog bygd i romansk stil Den er bygd i to omgangar: Koret først, og deretter skipet. Kyrkja kan vere bygd av kong Øystein.

St. Sunniva-myten

Legenda vil ha det til at Kinna-kyrkja er bygd på den verharde vestsida av øya fordi det var her ei gruppe som tilhøyrde flokken som rømde frå Irland saman med St. Sunniva, slo seg til (sjå Selje kloster og Sunniva-legenden). Meir sannferdig er det truleg at det var keltiske misjonærmunkar som slo seg til her. Segna seier at Sunniva rømde frå Irland for å sleppe unna eit tvangsgiftarmål med ein vikingkonge.

Samband mellom Selja og Kinn?

Båten til kongsdottera Sunniva rak i land på øya Selja ved Stad. Her skal Sunniva og flokken hennar ha søkt tilflukt i ein hellar då dei vart jaga av folk som sette etter dei. Opninga på hellaren rasa att, og den fromme og gudfryktige Sunniva og dei andre vart stengde inne og døydde der. Segna fortel at det seinare vart funne godluktande menneskebein i hellaren. Sunniva vart kanonisert – gjort til helgen – av paven i den romerskkatolske kyrkja. Klosteret som seinare vart bygd på Seljeøya, var vigd til St. Albanus som skulle vere bror til Sunniva og lei matyrdøden i England då han vart forfylgd og halshoggen i året 303. e. Kr.f. Slik seier segna om St. Sunniva på Selja. Men Sunniva-legenden har også ei viktig grein mot Kinn: Ein av båtane som la ut frå Irland i Sunniva sitt fylgje, dreiv i land på Kinn. Her er det, på same vis som på Selja, ein steinhellar som heilagmennene skal ha søkt ly i. Hellaren heiter Byrjehellaren, og her finst merke etter ein bygning. I fjellet like ovanfor Kinna-kyrkja ligg Bornihellaren. Borni skulle vere systera til Sunniva. Legenda om Borni og slektskapet med Sunniva gjorde truleg Kinn til eit pilegrimsmål i mellomalderen. Den meir sannsynlege forklaringa på kvifor steinkyrkja er reist ute i havkanten på Kinn er nok at det var keltiske misjonærmunkar som slo seg til her. Dei levde sparsamt, og det var truleg desse som budde i ei fjellhole den første tida på Kinn.

Kinnaspelet er velsigna med storslegne naturlege kulissar, med den spesielle Kinnaklova i bakgrunnen. Foto: Arne Stubhaug.

Kinnaspelet er velsigna med storslegne naturlege kulissar, med den spesielle Kinnaklova i bakgrunnen. Foto: Arne Stubhaug.

Kinnaspelet

Sidan 1985 har kyrkjegarden ved Kinna-kyrkja vore scene for det årlege Kinnaspelet, skapt etter initiativ frå sokneprest Odd Stubhaug: Ved jonsoktider kvart år vert det historiske spelet "Songen ved det store djup" av Rolf Losnegård framført av profesjonelle skodespelarar og lokale amatørar. Handlinga er lagd kring reformasjonen i 1537. Kinna-spelet fekk Fylkeskulturprisen i 1993.

Unikt lektorium

Sjølve altaret i Kinna-kyrkja er i kleberstein med marmorplate og datert til 1100-talet. Mellom kyrkjeskipet og koret er det montert eit lektorium - d.e. ein korboge - i utskore tre, datert til kring år 1250. Lektoriet i Kinna-kyrkja viser m.a. apostlane, og er eitt av dei mest verdfulle verka frå tidleg middelalder i norsk kyrkjekunst. Altartavla i kyrja er frå 1641 og altarduken frå 1739. Altarlysestakar, nattverdsutstyr og altarskåp er frå 1700-talet, preikestolen frå 1707. Eit såkalla votivskip – d.e. ein miniatyrkopi av eit krigsskip som heng frå taket i kyrkjekipet - er frå året 1700. Tre helgenfigurar frå mellomalderen viser Borni (Katharina), St. Sunniva (St. Barbara) og Ingebjørg (Maria Magdalena). Eit epitafium (minnetavle) frå 1639 viser portrettet av presten Absalon Absalonsen som var son til den kjende presten og historikaren Absalon Pedersøn Beyer.

Kyrkjeklokkene på Kinn er frå 1650 og 1859 heng i inngangsportalen til kyrkjegarden. - Les elles under Flotrø kyrkje om då prestegarden vart flytta frå Kinn til Florelandet.

Kinn kyrkje innvendig. Foto: Arne Stubhaug.

Kinn kyrkje innvendig. Foto: Arne Stubhaug.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2017