Hopp til innhold
X
Innhald

Kinns Sparebank

Kinns Sparebank delte dette huset med Kinn kommune frå 1897 til 1952. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kinns Sparebank delte dette huset med Kinn kommune frå 1897 til 1952. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kinns Sparebank skipa 1862. Distriktslege Ude J. Høst var første styreformann. Banken hadde lenge lokale i Kinn kommunehus, som låg like ved den gamle bygrensa til Florø.

Då Kinn kommune bygde kommunehus ved Litjevatnet ved bygrensa i 1897, vart sparebanken største leigetakar. Banken flytta i 1952 inn i nybygget til Sunnfjord Meieri, og til eige bygg i 1962. Noverande bygg er frå 1985.

Denne bygningen reiste Kinns Sparebank i 1962 og heldt til der til 1985, då det vbart reist nytt bankbygg på andre sida av Strandgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Denne bygningen reiste Kinns Sparebank i 1962 og heldt til der til 1985, då det vbart reist nytt bankbygg på andre sida av Strandgata. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Råka av Ålfot-skandalen

Saman med Stryn Sparebank, var Kinn Sparebank den sparebanken i fylket som vart hardast råka av den økonomiske krisa på 1920-talet. Banken tapte mest all eigenkapital pga. Ålfot-skandalen (sjå Ålfotsaka), og vart sett under akkord.

I 1971 slo banken seg saman med Bremanger Sparebank (skipa 1898) til Sparebanken Flora-Bremanger.

Etter økonomiske problem og store tap som fylgje av krise i oppdrettsnæringa, vart Sparebanken Flora-Bremanger (sjå: Bankar og trygdelag i Flora) slegen saman med Sparebanken Sogn og Fjordane og vart ei avdeling av denne hausten 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2010