Hopp til innhold
X
Innhald

Kjend kyrkjebyggjar i Norddalen

Norddal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norddal kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norddal kyrkje i Norddalsfjorden vart bygd i 1898. Arkitekt var Jakob Wilhelm Nordan. Byggmeister var den kjende kyrkje og hotellbyggjaren Anders Korsvold frå Eivindvik.

Korsvold bygde m.a. kyrkjene på Mjømna i Gulen, Sæle kyrkje og St. Olafs kyrkje i Balestrand, Arnafjord kyrkje i Vik, Gaupne kyrkje i Luster og Norddal kyrkje i Flora kommune, dessutan Kvikne’s Hotell i Balestrand, Mundal Hotell i Fjærland, Fretheim Hotell i Flåm og det staselege Maristuen Høyfjeldshotell ved Filefjell som brann ned i 1976.

Atlartavla og anna inventar i kyrkja i Norddalen er frå byggjeåret 1898.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2010