Hopp til innhold
X
Innhald

Kjippen

På Kjippen er det meste lov. Men når opptoget er slutt, blir alle plakatane med til dels sjikanøst innhald brende på eit bål. Foto: Kristian N. Berentzen.

På Kjippen er det meste lov. Men når opptoget er slutt, blir alle plakatane med til dels sjikanøst innhald brende på eit bål. Foto: Kristian N. Berentzen.

Kvar nyttårsnatt går eit underleg karnevalsopptog gjennom gatene i Florø. Opptoget vart kalla for «Kjippen», og mange vil ha det til at tradisjonen skriv seg frå sildeåra på 1800-talet:

Tønnemakarane - bøkkerane - var misnøgde med betaling og arbeidsforhold. Dei kledde seg difor ut slik at arbeidsgjevarane ikkje skulle kjenne dei att. Så gjekk dei ut i Strandgata, slo på tomtønner og heldt ap med dei som ikkje ville innfri lønskrava.

Men opphavet til «Kjippen» er annleis: Skikken med slike karnevalsprega opptog skriv seg frå Europa, der handverkssveinar kledde seg ut og heldt «kjipp» eller bråk i gatene.

Via hanseatbyen Bergen kom tradisjonen til Florø - truleg ein gong kring 1900. Sidan har tradisjonen halde seg med eit karnevalsopptog gjennom Strandgata kvar nyttårsnatt, der ung og gamal med plakatar og kostymar held ap med det meste i Florø. Etter opptoget vert alle effektar brende.

Barnekjippen i Florø. Foto: Arne Stubhaug, NRK

Barnekjippen i Florø. Foto: Arne Stubhaug, NRK

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2010