Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Flora

Kong Haakon den 7. og dronning Maud vitja Florø i 1906 under ferda langs kysten etter kroninga i Nidarosdomen.
Dei nytta hurtigruteskipet D/D ”Mira” som ”kongeskip”, og var også innom Loen, Olden, Måløy, Balestrand og Gudvangen. I Florø henta fylgjet ombord fersk post, og dei kongelege steig visstnok ikkje i land. Kong Haakon vitja også Florø i 1949 saman med heile kongefamilien.

Kong Olav stig i land i Florø i regn og blåst i 1958. Han blir teken imot av fylkesmann Nikolai Schei.

Kong Olav stig i land i Florø i regn og blåst i 1958. Han blir teken imot av fylkesmann Nikolai Schei.

Kong Olav den 5.

vitja Florø som kronprins i 1949 saman med resten av kongefamilien (sjå kong Haakon ovanfor). Han vitja Florø i samband med 100-årsjubileet for Fylkesbaatane i 1958.

Kong Harald den 5. og dronning Sonja

Kong Harald den 5. og dronning Sonja

vitja som kronprinspar Flora - m.a. eit besøk på Svanøy Stiftelse/Svanøy Hovudgard i 1979. Han var også med som prins under kong Haakons gjesting i 1949, og har vore på privat vitjing ved Kinnakyrkja på 1990-talet.

Kronprinsparet på besøk i 2006

I september 2006 var kronprinsparet Haakon og Mette Marit på offisiell gjesting i seks kommunar i Sogn og Fjordane: Askvoll, Flora, Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid.

Dronning Sonja

vitja Florø i august 2010 i samband med 150-årsjubileet til Florø by.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011