Hopp til innhold
X
Innhald

Kopargruva på Svanøy

Stigetårnet til Svanøy Gruber står framleis. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stigetårnet til Svanøy Gruber står framleis. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kopargruva på Svanøy var ei av dei største industriverksemdene i Sunnfjord kring 1. verdskrig. Koparen på Svanøy skriv seg frå den same koparåra som ein kan finne att sørafor fjorden ved Flokenes, Vågane og Grimelid. Åra viser seg i Askdalen ved Askvoll og kjem att ved Gjervik på Atløy. På sørsida av Vilnesfjorden finn vi den att ved Hellevik, vidare til Folkestad, og den endar ved Skifjorden i Hyllestad. Her på sørsida av Vilnesfjorden er malmen blanda med titanmalm.

Svanø Kisgruber, truleg rundt 1920.

Svanø Kisgruber, truleg rundt 1920.

Området der det var gruvedrift er no tilgrodd av skog. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Området der det var gruvedrift er no tilgrodd av skog. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eksport til England

På Svanøy starta gruvedrifta på 1870-talet i eit område som ligg nordaust for vågen nedanfor Svanøy hovudgard. Gruveselskapet heitte Svanø Kiskruber. I 1883 vart det brote ut 2000 tonn malm frå gruva og eksportert til England. I 1910 tok selskapet Svanøy Gruber A/S over drifta. Bak selskapet stod for det meste forretningsmenn i Bergen.

Slagghaug etter gruvedrifta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slagghaug etter gruvedrifta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Berre lønsam i krig og krise

Selskapet hadde over 100 tilsette under stordrifta kring 1. verdskrig, men gjekk konkurs i 1923. Koparmalmen på Svanøy var skrinn med ein svært stor prosent svovelkis. Den var difor berre lønsam å drive ut i krigs- og krisetider, då det var stor etterspørsel etter kopar og gode prisar.

Kisbana til Svanø Gruber i 1919. I bakgrunnen bustadområdet Egne Hjem. Ukjend fotograf. Eigar: Alvhild og Endre Svanøe/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kisbana til Svanø Gruber i 1919. I bakgrunnen bustadområdet Egne Hjem. Ukjend fotograf. Eigar: Alvhild og Endre Svanøe/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Inne i skogen kan ein framleis sjå ruinane etter heisetårn og knuseanlegg frå gruva, og ei badestrand nedanfor er i hovudsak bygd opp av slagg frå den gamle koparkisgruva.

Dette bustadhuset vart bygt av gruveselskapet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dette bustadhuset vart bygt av gruveselskapet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gruveselskapet hadde eigen landhandel

Gruveselskapet dreiv også ein eigen landhandel ved kaia på Svanøy i dei beste driftsåra. Etter konkursen i 1923 tok butikkbetjenten, Gustav R. Mellingen, over drifta av landhandelen. Han var også dampskipsekspeditør på øya. Gustav overlet drifta til sonen Johan Mellingen i 1963. Han dreiv til 2000 då søstrene hans, Astrid og Karen Mellingen, tok over og dreiv i to år før dei overlet butikkdrifta til Svanøy Stiftelse. I 2007 vart butikken utvida med nybygg. Ei tid dreiv det tyske ekteparet Wenche og Enrico Stoss butikken, men i 2011 overtok Ole Svanøe butikken med namnet Svanøy Handel.

Les meir om gruvedrifta under «Mønsterbruket Svanøy».

Landhandelen som gruveselskapet dreiv. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Landhandelen som gruveselskapet dreiv. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.09.2011