Kraftforsyninga i Flora

Kraftlinjer ved Eikefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Den første bygningen som fekk installert elektrisk lys i Florø var Florø Conservesfabrikk, som vart bygd i 1908. Dynamoen vart driven av dampmaskin. I 1910 vart det installert elektrisk lys i Kopargruva på Svanøy.
I 1910 bygde Teknisk Bureau eit kolfyrt kraftverk til alminneleg straumforsyning i byen. I 1913 fekk byen sitt første elektriske gatelys. Dette avløyste dei gamle olje- og gasslampane som hadde vore i drift langs den viktigaste gatestubben heilt sidan 1874. Mangel på kol gjorde at kraftverket vart fyrt med torv under 1. verdskrig. Komunen kjøpte verket i 1917.

Demonstrasjon av elektriske apparat i Fram i Florø i 1922. Eigar av foto: SFE.
Ytre Fjordane Kraftlag - YFK
Straumløyse og småkraftverk
Overlegen kjøpte fallrettar
Bergensar eigde Osen-vassdraget
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 31.10.2011