Hopp til innhold
X
Innhald

Krigshistoria i Flora

Flyåtak på skip i Florø 4. november 1941.

Flyåtak på skip i Florø 4. november 1941.

Under 2. verdskrig bygde tyskarane ut Florelandet til ei nærmast uinntakeleg festning med kanonstillingar og minebelte over alt. Av ukjende grunnar vart eit alliert kommandoraid mot Florø like før det kjende Måløyraidet i jula 1941 avlyst. I Dombevågen nord for Florø fekk Milorg og Linge-karane ein av sine viktigaste landsetjingsbasar. Ingen andre kommunar i Sogn og Fjordane hadde så mange falne og omkomne i 2. verdskrig som Flora.

Åtak på Kinn 1808

Under Napoleons-krigane gjennomførde engelske krigsskip blokade av Norge. Den 5. juni 1808 gjekk fire engelske krigsskip med korvetten «Spitfire» til åtak på to jekter ved Kinn. Dei hadde henta korn i Arkhangelsk i Russland. Kaperskipa tok med seg kornjektene og røva innbu i husa på Kinn.

Etter desse kaperraida vart det stasjonert små kanonskonnertar m.a. på Kinn og på øya Silda, der det noko seinare kom til nye og meir alvorlege trefningar enn ved Kinn - sjå: Krigshistoria i Selje.

Her ved Kinn var det krigshandlingar i 1808. Biletet er teke frå toppen av Batalden. Foto: Eivind Nordvik Hauge.

Her ved Kinn var det krigshandlingar i 1808. Biletet er teke frå toppen av Batalden. Foto: Eivind Nordvik Hauge.

2. VERDSKRIG:

*Det avlyste Florø-raidet 1941 *Dombevågen og Milorg *Flora og 2. verdskrig *Floralandet sterkt befesta *Fortet på Sørstrand *Havreneset fort *Minebelte og hamneforsvar i Flora *MTB-tragedien i Florø 1943 *Nils Jørgen Fuglesang og flukta frå Stalag III *Radiostasjonen Roska *Thekla-ulukka *The British Club *Falne og omkomne frå Flora *Folk frå Flora i tysk fangenskap

I Storåsen er det framleis mykje att av det omfattande festningsanlegget som tyskarane bygde under andre verdskrigen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Storåsen er det framleis mykje att av det omfattande festningsanlegget som tyskarane bygde under andre verdskrigen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2014