Hopp til innhold
X
Innhald

Kristian Jansen

K. Jansen på Fugleskjerkaia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

K. Jansen på Fugleskjerkaia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kristian Jansen vart i 1917 ekspeditør for hurtigrutene i Florø. Han ekspederte dei første to åra hurtigruta frå robåt på Florevika, men heldt frå 1919 til på Fugleskjerkaia.

I tillegg til dampskipsekspedisjon og agentur, var K. Jansen lokal representant for Saga Petroleum på 1970-talet medan selskapet hadde aktiviteten sin på Fugleskjærskaia. Firmaet K. Jansen vert no drive i 3. generasjon Jansen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010