Hopp til innhold
X
Innhald

Kristoffer Svanøe

Far til Ole Svanøe.

Kristoffer Svanøe (1915-1992) frå Svanøy. Bonde og eigar av Svanøy Hovudgard. I samarbeid med Christian Sommerfelt var han i 1972 initiativtakar til skiping av Svanøy Stiftelse, som overtok og restaurerte dei gamle bygningane på storgarden. Svanøe var sjølv med i styret for stiftinga i mange år.

Far til Ole Svanøe.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2010