Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjer i Flora

Kinn kyrkje sett frå Kinnaklova. Ola og Kristoffer Reiakvam eigde kyrkja i 26 år. Foto: Arne Stubhaug.

Kinn kyrkje sett frå Kinnaklova. Ola og Kristoffer Reiakvam eigde kyrkja i 26 år. Foto: Arne Stubhaug.

Kinn kyrkje

vart bygd ca. 1100. 25 meter lang steinkyrkje i romansk stil, bygd i to omgangar: Koret først, og deretter skipet. Kyrkja kan vere bygd av kong Øystein.

Florø kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø kyrkje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fjordungskyrkja på Svanøy

Frå 1100-talet og fram til 1872 stod hovudkyrkja for dei nordlege bygdene i Sunnfjord på Svanøy.

Stavang kyrkje

- sjå Fjordungskyrkja på Svanøy.

Florø kyrkje

vart bygd i 1882. Arkitekt J.W. Nordan. Byggmeister Carl Askeland.

Prestegarden vart flytta

Presten i Kinn budde i mellomalderen like ved den gamle steinkyrkja på Kinn. Men under presten Ole Monsen vart prestegarden i 1551 flytta til Skorpa. I 1585 flytta presten Frantz Fuhrmann til garden sin Øvre Floren på Floralandet, og denne garden vart i 1755 offisiell prestegard i Kinn prestegjeld.

Eikefjord kyrkje

vart bygd i 1812. Byggmeister Nils Olsen Kjørslevik.

Byggmeister Anders <br>O. Korsvold. <br>© Fylkesarkivet.

Byggmeister Anders
O. Korsvold.
© Fylkesarkivet.

Kjend kyrkjebyggjar i Norddalen

Norddal kyrkje er bygd i 1898. Byggmeister var den kjende kyrkje- og hotellbyggjaren Anders Korsvold.

Kyrkjeasyl på Batalden

Batalden bedehuskapell vart bygt i 1907. På 1990-talet vart kapellet brukt til å gje flyktningar asyl.

Askrova bedehuskapell

vart bygt i 1957. Arkitekt og byggmeister var Kr. Stenbakk. Altartavla i bedehuskapellet er måla i 1957 av emissæren Wilhelm Bjørknes frå Byrknesøy.

Askrova bedehuskapell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Askrova bedehuskapell. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011