Hopp til innhold
X
Innhald

Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kystmuseet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kystmuseet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane vart skipa i 1980 og fekk eige bygg i Florø i 1985. Dei særprega bygningane er teikna av arkitektane Kåre Frølich og Svein Hatløy i Bergen.
Museet forvaltar m.a. ei samling på kring 50 båtar.

Heilt frå 1950-talet har det vore arbeidd aktivt for å få reist eit fiskeri- og kystmuseum i Florø. Seint på 1970-talet regulerte kommunen eit strandområde på 74 dekar som kystmuseet vart bygd på. Bak museet står fylkeskommunen, kystkommunane og ei rad fiskarorganisasjonar og andre lag. Sunnfjord Høgeskulelag (sjå Fiskarfagskulen i Florø) var mellom skiparane, og skaut pengar frå sal av Høgskuleheimen i Florø inn i museet.

Ein del av båtsamlinga på Kystmuseet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein del av båtsamlinga på Kystmuseet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Samlinga spreidd på fleire kommunar

I tillegg til store samlingar i hovudanlegget i Florø, har Kystmuseet ansvaret for m.a. bygningar og samlingar i Kalvåg (sjå Fiskarfagskulen i Florø) og på Handelsstaden Vågsberget.

MS Atløy. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

MS Atløy. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Galeasen Svanhild. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Galeasen Svanhild. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fartøyvern

Museet er også m.a. knytt til vern av galeasen «Svanhild» frå 1889, som var på jordomsegling 1985-1989 med Oddbjørn Hovland som skipper, sognejekta «Svømmianna», fiskebåten «Helgaskjær» frå 1917 og den tidlegare Fylkesbaaten «Atløy» frå 1932.

(Om båtmuseum – sjå også Gloppen kommune (Holvikejekta), Sogndal kommune (Sognefjord båtmuseum) og Vik kommune (båtmotormuseum). I 2007 gav biletkunstaren Bjørn Hegranes eigedomen Jotunet ved Storåsen i Florø til Kystmuséet. Gåva omfatta fleire antikke bygningar og ei stor samling måleri og grafikk.

Galeasen Svanhild på Florevika under jonsokfeiringa 2010. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Galeasen Svanhild på Florevika under jonsokfeiringa 2010. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Samordning av muséa i fylket

I 2008-2009 vart det gjennomført ei samordning av muséa De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuséum (Kaupangerskogen), Norsk Reiselivsmuséum (Balestrand), Sunnfjord Folkemuséum (Førde), Sogn og Fjordane Kunstmuséum, Kystmuséet (Florø) og Nordfjord Folkemuséum (Sandane). Dei samordna muséa får felles leiing og har fått namnet Muséa i Sogn og Fjordane. Tanken er at samordninga skal styrke det faglege miljøet, og det vert felles innsamlingspolitikk og felles magasin. Anne-Marie Førde vart tilsett som den første direktøren for Musea i Sogn og Fjordane.

Snorre-ankeret ved Kystmuseet fortel om oljehistoria til Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Snorre-ankeret ved Kystmuseet fortel om oljehistoria til Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.06.2010