Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Flora

Medlemer i Florø Hornmusikk i aksjon under byjubileet i 2010. Foto: Simon Solheim, NRK.

Medlemer i Florø Hornmusikk i aksjon under byjubileet i 2010. Foto: Simon Solheim, NRK.

Idrettslag i Flora

Florø har nokre av dei eldste idrettslaga i landet.

Furesund kvinneforening

vart skipa 1860, og er eitt av dei første registerte kvinnelaga i Sogn og Fjordane. I 1861 vart Florø Kvinnelag i Det Norske Misjonsselskap skipa. Då Søndfjord Fællesforening av den indre Missoin vart skipa i 1886, var det også registrert ei Kinns Forening.

Florø Hornmusikk

- sjå Florøens Skytterlag.

Indremisjonslag

vart skipa i Kinn (og Bremanger) i 1865.

Florø Handelsforening

vart skipa 1867 som den første av dette slaget i Sogn og Fjordane.

Florø Træplantningsselskab

vart skipa kring 1870, og hadde som føremål å skogkle det snaue Floralandet kring byen.

Florø Fiskeriselskab

skipa 1880, var den første registrerte organiseringa av fiskarar i Sogn og Fjordane. Dette var ei lokalavdeling av opplysningsorganisasjonen «Selskabet for de norske fiskeriers fremme», skipa i 1879. I dei 10 åra Florø Fiskeriselskab eksisterte, sende dei m.a. fiskarar på kurs til Nederland for å lære drivgarnsfiske (sjå Kriseår og naudhjelp).

Hovden og Barekstad kinamisjon

vart skipa i 1880, nedlagt i 1955.

Florø Værn

heitte fråhaldslaget i IOGT som vart skipa i Florø 1887. Dette var den første registerte I.O.G.T-losjen i Sunnfjord. – Sjå elles om Ungdoms- og idrettshuset Fram. I 1888 vart det skipa fråhaldslag i Eikefjord og Stavang, og på 1890-talet i dei fleste bygder elles i dåverande Kinn kommune.

Barlindbotn misjonslag

vart skipa i 1890.

Turnsalen i Fram.

Turnsalen i Fram.

Ungdoms- og idrettshuset Fram

Ungdoms-og idrettshuset «Fram» vart bygd som lokale for IOGT-losjen «Værn» i Florø i 1893. Nynorsk-losjen «Landkjenning», skipa 1903, vart medeigar.

Florø Dramatiske Klubb

var ein avleggjar av Florø Turn og Idrettsforening i mellomkrigstida. Teaterklubben var leia av Ruth og Nils Liset og arrangerte matinéar og teaterframsyningar.

Florø Arbeiderlag

vart skipa i 1897. Utanom lokallaga til tranittar-rørsla som vart skipa i Lærdal og Borgund i 1848 (sjå Thrane-rørsla og Lærdal), er Florø Arbeiderlag det første sosialistiske laget i Sogn og Fjordane. Dei første åra før Landsorganisasjonen vart skipa i 1903, tok laget seg også av reint fagpolitiske saker lokalt.

Florø Sykepleieforening

vart skipa i 1898, og hadde som føremål å arbeide for å få bygd eit sjukehus i Florø.

Målrørsla i Flora

Florø var ein naturleg samlingsstad då Firda Mållag vart skipa i 1899 etter opptak av m.a. Haakon Aasvejen og Elias Melvær. Melvær, som hadde drive nynorsk kveldsskule medan han var lærar ved Amtsskulen i Gloppen, vart første formann 1899-1903.

Eikefjord Ungdomslag

vart skipa i 1900.

I.O.G.T-losje Landkjenning

vart skipa i Florø i 1903. Dette var ei såkalla nynorsk-losje som nytta nynorsk i møtebøker og skrifter. – Sjå elles om Ungdoms- og idrettshuset Fram.

I.O.G.T-losje Framtak

i Eikefjord vart skipa i 1903. Barnelosjen Eikefjords framtid vart skipa i 1929.

Redningsforeninga

i Florø vart skipa i 1905.

Florø Sanitetsforening

vart skipa i 1905 med prestefrua Margrethe Evensen som første leiar. Sanitetforeninga arbeidde dei første tiåra for byggjing av nytt sjukehus og folkebad i byen, for innføring av folketannrøkt, og for spebarnskontroll som vart skipa i 1939. Denne heldt frå 1959 til i Helsehuset som Florø Sanitetsforening fekk reist.

Huset til Frelsesarmeen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset til Frelsesarmeen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frelsesarmeen

etablerte seg i Florø i 1912. Organisasjonen fekk eige hus i Florø i 1915. I 1947 starta Frelsesarméen Florø Livredningstropp som ei eiga avdeling. Ved sida av Florø har Frelsesarmeen avdeling i Måløy og har også vore aktiv i Vik og Sogndal.

Eikefjord Sanitetslag

vart skipa i 1913.

I.O.G.T.-losje Seglmerket

i Batalden vart skipa i 1914.

Speidarane

fekk sitt første lag i Flora kommune då Florø tropp av Norsk Speidergutt-Forbund vart skipa i 1915. I 1924 deltok gutespeidarane frå Florø for første gong på landsleir på Hamar.

I.O.G.T.-losje Fyret

på Skorpa vart skipa i 1916.

Standal og Svortevik Ungdomslag

vart skipa i 1921. Laget endra namn til Nybrot Ungdomslag i 1925.

Nybrot Ungdomslag

– sjå Standal og Svortevik Ungdomslag.

I.O.G.T.-losje Stavangs Von

vart skipa i 1921. Truleg vart Losje Kinn og Losje Veten på Tansøy skipa omlag på same tid, men skipingsåra er ukjende for begge.

Florø Hjemmenes Vel

vart skipa i 1921 av Karen Platou og fekk frå starten 40 medlemer.

Florø Røde Kors

Det er uvisst kva årstal lokallaga for Røde Kors i Kinn, Florø, Bru og Eikefjord vart skipa, men det er rimeleg å rekne med at dei her som elles i fylket, kom i gang tidleg på 1920-talet.

Florø Husmorlag

- sjå Florø Hjemmenes Vel.

KFUK-speidarane

skipa jentelag i Florø i 1925. I etterkrigstida talde KFUK i Florø kring 90 medlemer medrekna meisetropp og storspeidartropp.

Florø Bys Vel

vart skipa i 1934 etter opptak frå apotekar Lars Trovik.

Florø Håndverkerforening

vart skipa i 1934 med 13 medlemer.

AUF-lag i Florø

Arbeidernes Ungdomsfylking – AUF – skipa lokallag for arbeidarungdom i Florø kring 1935. AUF-arar kledde seg i desse åra opp i eigne uniformer med raude skjerf og med ein hammar sydd på brystet.

Bondeungdomslaget i Florø eig mellom anna Trollstova på Ramsdalsheia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bondeungdomslaget i Florø eig mellom anna Trollstova på Ramsdalsheia. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bondeungdomslaget i Florø

vart skipa i 1936.

Florø Arbeidsmandsforening

vart skipa i 1937.

Fana til Florø Hermetikkarbeiderforening. Foto: Olav Reiakvam. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fana til Florø Hermetikkarbeiderforening. Foto: Olav Reiakvam. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Florø Hermetikkarbeiderforening

vart skipa i 1937.

Florø Jern- og Metallarbeiderforening

vart skipa i 1937.

Florø Songlag

vart skipa i 1939.

Florø Blåspeidertropp

vart starta i 1945 med 20 medlemer. På det meste hadde denne speidargruppa kring 65 jenter som medlemmer i hovudtropp og meisetropp for småjentene.

Florø kommunale forening

vart skipa i 1945.

Norddalsfjord Sanitetslag

vart skipa i 1945.

Brandsøy Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1946.

Eikefjord Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1946, men vart lagt ned i 1952.

Kinn Bonde og Småbrukarlag

vart skipa ca. 1946.

Florø Boligbyggelag

vart skipa 1946.

Øystein Hjertenes frå Florø Sjakklubb deltok i sjakk-OL i 1976.

Øystein Hjertenes frå Florø Sjakklubb deltok i sjakk-OL i 1976.

Florø Sjakklub

vart skipa i 1947 av Jørgen Foss-Iversen. Klubben gjorde det godt på nasjonalt plan på 1970-talet då den nådde NM-finalen tre gonger. I 1972 tok klubben bronse, berre eitt poeng bak vinnaren. Sjakklubben har arrangert fleire nasjonale turneringar, der turneringa i 1985 vart vunnen av Øystein Hjertenes, Florø. Han vann Norges Grand Prix i 1979-1980, og deltok i sjakk-OL i 1976.

Florø Livredningstropp

vart skipa i 1947 – sjå Frelsesarméen 1912.

Standal Sanitetsforening

vart skipa i 1957.

Sjølvbyggjarlaget

vart skipa i 1957, og med ein innsats på eit par tusen timar pr. mann bygde laget dei neste åra 16 husvære i Hesteneset. Husa er i dag administerte av BoiVest.

Svardal Sanitetslag

vart skipa i 1958.

Florø Rotary

vart skipa i 1961.

Florø Skoles Musikkorps

vart skipa i 1963 som rekrutteringskorps for Florø Hornmusikk (sjå Florøens Skytterlag).

Florø Godtemplarungdomslag

vart skipa i 1965.

Eikefjord skulemusikk

vart skipa i 1966.

Flora Pensjonistlag

vart skipa i 1972.

Doc'en ungdomsklubb

vart driven frå 1974 i den gamle doktorbustaden ved Evja (sjå Gustav Stavøstrand). Klubben fekk namnet etter «Docen» - dokteren som budde i huset tidlegare. Huset vart rive i 1996 etter sterke protestar frå ungdomen.

Eikefjord Pensjonistlag

vart skipa i 1975.

Vestklang

er eit kor i Florø som vart skipa i 1975.

Steinhovden Songlag

vart skipa i 1976.

Florø MC Klubb

vart skipa i 1976.

Eikefjord Songlag

vart skipa i 1977.

Båthamna i Furuholmen med klubbhuset til Florø Båtforening. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Båthamna i Furuholmen med klubbhuset til Florø Båtforening. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Båtforening

vart skipa 1978 ved samanslåing av to mindre foreningar.

Krokane Sanitet

vart skipa i 1982.

Flora Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1984 ved samanslåing av fleire lag i kommunen.

Askrova pensjonistlag

vart skipa i 1985.

Steinhovden pensjonistlag

vart skipa i 1986.

Storebru-Langedal Sanitetsforening

vart skipa i 1986.

Bru kantori

er eit songkor som vart skipa i 1989.

Songkoret Jomentum

vart skipa av Flora Arbeidarlag i 1990.

Krokane 4H

vart starta i 1992.

Florø Rockeklubb

vart starta i 1993.

Brandsøykoret.

Brandsøykoret.

Brandsøykoret

vart skipa i 1994. I Brandsøy hadde det tidlegare vore eit Brandsøy Songlag som var i drift fram til 1955.

Jomentum.

Jomentum.

Flora Historielag

vart skipa i 2001 etter opptak av kultursjef Edvin Helgheim. Laget fekk raskt over 100 medlemmer.

Flora Samfunnshus

- med bibliotek, kino og brannstasjon.

Florø Idrettssenter

Storhallen Florø Idrettssenter vart opna 16. mai 2006.

Folke-parlamentet i Kaféen Kakebua

Folke-parlamentet i Kaféen Kakebua

I dag er Kakebua lagd ned, men i mange år samlast dagleg Florø-patriotar kring stamborda.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane

vart skipa i Florø i 1985. Senteret dekkjer heile fylket, og har døgnvakt.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane

I tillegg til store samlingar i hovudanlegget i Florø, har Kystmuseet ansvaret for m.a. bygningar og samlingar i Kalvåg.

Sildebordet i Strandgata. Foto: NRK.

Sildebordet i Strandgata. Foto: NRK.

Sildebordet

Frå slutten av 1980-talet har handelsstanden i Florø arrangert «sildebord» i Strandgata kvar sommar i tilknyting til Kinna-spelet. Langs eit bord som florøværingane har kalla «verdas lengste sildebord» har folk forsynt seg med «nubbesild» - dvs. tørrsild og andre silderettar.

NHO Sogn og Fjordane

Næringslivets Hovedorganisasjon skipa fylkeskontor med base i Florø i 1989. Første direktør var Eivind Hjellum, som vart avløyst av Per Ytrehus i 1993-2002. Frå april 2002 er Karin Helen Halle direktør.

Ungdomsklubben Haffen held til i dette huset på gamle Amtskaia. Ved kaia ligg galeasen Svanhild. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomsklubben Haffen held til i dette huset på gamle Amtskaia. Ved kaia ligg galeasen Svanhild. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ungdomshuset «Haffen»

Kommunal fritidsklubb i Florø sentrum.

Havhesten

badeanlegg ved Kanalen vart opna i 2000. Bygget fekk den kommunale byggeskikksprisen i 2003.

Badeanlegget Havhesten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Badeanlegget Havhesten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø Golfklubb

vart skipa i 2007. Fram til då hadde florøværingane vore medlemer i Sunnfjord Golfklubb. Klubben laga seg ei fire-hols treningsbane på Brandsøy Planteskule. I 2010 vart denne utvida til seks-hols bane.

Nettsida til Sørstrand Folkepark.

Nettsida til Sørstrand Folkepark.

Sørstrand Folkepark

vart starta i 2009 av eldsjeler som vil utvikle eit 175 mål stort område mellom Kystmuseet og austenden av Florø Lufthamn til eit aktivitets-, rekreasjons- og turområde, m.a. med badeplass. Sørstrand Folkepark er i hovudsak basert på dugnadsarbeid. I 2012 var det 187 medlemer.

Byen vår Florø

vart skipa i 2010. Dette er ei byforeining som arbeider for å gjere Florø by meir attraktiv heile året.

Det er ikkje mange stader badegjestene i eit innandørs symjeanlegg kan nyte slik utsikt som Havhesten kan by på mot sørvest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det er ikkje mange stader badegjestene i eit innandørs symjeanlegg kan nyte slik utsikt som Havhesten kan by på mot sørvest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.11.2012