Hopp til innhold
X
Innhald

Landbruk Maskin-aksjeselskap

Mads Henrik A. Standal var medeigar og dagleg leiar i Landbruk Maskin AS.

Mads Henrik A. Standal var medeigar og dagleg leiar i Landbruk Maskin AS.

Landbruk Maskin-aksjeselskap vart starta i Florø i 1919 med Mads Henrik A. Standal som medeigar og dagleg leiar. Selskapet vart på folkemunne berre kalla «Landbruk».

Forretninga dreiv sal av maskiner, jernvarer og bygningsartiklar. Etter at Mads H.A. Standal starta for seg sjølv i 1943, overtok Arne Stafsnes som disponent.

Landbruk Maskin vart også radioforhandlar og bygde opp oljelager for Norske Shell i Hesteneset. Firmaet vart lagt ned på 1990-talet. – Sjå også «Forretningsmannen Mads Henrik A. Standal»

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010