Hopp til innhold
X
Innhald

Landhandlar i Flora

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Forretningsfamilien Hjørnevik, Økland og Eliassen

- landhandleri, skipshandel, Combi Matsenter m.m,.

Ole Olsen

starta i 1859 handel i Florø.

C. F. Christensen

fekk brev på å drive handel i Florø i 1861.

Johan B. Olsen

dreiv på 1860-talet ein landhandel ved Florøeidet. Då Kanalen vart bygd ferdig gjennom Eidet i 1873, la han ned forretninga og drog til Amerika.

Nils Berg

frå Vågsvåg dreiv frå 1864 landhandel i Florø, og kjøpte også fisk i Nord-Noreg. Etter i ei tid i Amerika kom han tilbake til Florø, men sjukdom gjorde at det vart ektemaken og borna som i nokre år dreiv butikken og ein kafé i Florø. Andreas Strømsnes tok over eigedomen og dreiv forretning der frå 1885. Han dreiv også fiskehandel på Nord-Noreg.

F. Faye

starta i 1867 landhandel i Florø. Denne dreiv han saman med eit bakeri.

A. Vasbotten

starta i 1869 forretning i Florø.

Elias A. Olsen

starta i 1882 som handelsmann i Florø før han satsa på skipsfart og fiskeri.

Mads Svardahl

kom frå Svardalen og starta landhandel og fiskemottak på Askrova kring 1880.

Peder B. Solheim

starta i 1886 landhandel i Norddalsfjorden. I 1897 bygde han stor forretningsgard i Florø sentrum, der firmaet dreiv daglegvarehandel og avdelingar for sko og manufaktur. Sønene Elias og Bernt tok over i 1924. Landhandelen i Norddalsfjorden har sidan starten vorte driven av familien Solheim.

I dette huset dreiv brørne Sunde landhandel i Rognaldsvåg. Seinare er det bygd ny butikk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I dette huset dreiv brørne Sunde landhandel i Rognaldsvåg. Seinare er det bygd ny butikk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brørne Lyder og Bertinus Sunde

starta i 1893 landhandel, bakeri, fiskemottak og trandamperi i Rognaldsvåg. Dei hadde også post og rutebåtekspedisjon. Son til Lyder, Ditlef, tok over i 1915. Hans-Jacob Sunde driv i 2001 som fjerde generasjon framleis landhandelen.

O. Apneseth

starta i 1903 landhandel i Florø. Han hadde tidlegare drive som blekkslagar.

Apneseth-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Apneseth-huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kornelius Fuglø

starta i 1904 landhandel på øya Batalden under namnet K. Fuglø & Sønn.

Peder Svortevik

starta landhandel i Svortevik i 1906.

And. Haave landhandleri

i Stavang vart skipa 1911 av Anders Haave, som slekta etter den kjende haugianaren Anders Haave.

Stavang Landhandel

- sjå And. Haave landhandleri.

Første sjølvbetjeningsbutikken i fylket

Ludvig Langedal starta i 1919 landhandel i Eikefjord, der han leigde og seinare overtok Svarthumles forretning.

Gustav Mellingen

landhandel på Svanøy starta i 1923.

Svanøy Handel

- sjå Gustav Mellingen og Kopargruva på Svanøy.

Solheim-butikken i Norddalsfjorden vart lagd ned kring år 2000. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solheim-butikken i Norddalsfjorden vart lagd ned kring år 2000. Foto: Ottar Starheim, NRK.

P. A. Solheim

landhandel vart starta på Solheimsøyra i Norddalsfjorden av Peder A. Solheim på 1920-talet. Han tok då over ein butikk som faren, Anders Bjørnset, hadde drive nokre år. Peder var også postopnar og ekspeditør for Fylkesbaatane. Sonen Anders P. Solheim dreiv butikken til kring 2000.

E. Sundal

landhandel vart starta på Midtbø i Norddalsfjorden kring 1925 av Elias Sundal.

Olav Havn

var son til Albert Eikefjord, og kjøpte landhandelen til H. Svarthumle i 1939. Han overtok forretningseigedomar etter Ola Eikefjord og starta mekanisk verkstad og bensinstasjon. Kona Asbjørg starta «Eikefjord manufaktur» i 1951. Sonen Arve Havn overtok i 1976, er bilforhandlar og driv Eikefjord Handel.

Ole A. Eikefjord

landhandel i Eikefjord. Han starta tønnefabrikken Solid A/S i 1948. Fabrikken gav arbeid til 10 personar. Søstera starta og dreiv frå 1946 Storebru Landhandel og Møbelverksted. Eigedomane etter Ola A. Eikefjord er no eigde av Arve Havn, som m.a. driv bilforretning og bensinstasjon (sjå under Albert Eikefjord).

Gunnar Søfteland

starta landhandel ved Brandsøysundet i 1953.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.10.2012