Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Jansen Batalden

Han flytta til Olden i 1865 og arbeidde m.a. som fjellførar. Larsnipa på Jostedalsbreen er kalla opp etter han.

Lars Jansen Batalden (1841–1929) frå Batalden, busett i Olden og Eidsvoll. Også kalla Batalde-Lars. Fjellklatrarpionér og turistbåtførar i Nordfjord.

Han flytta til Olden i 1865 og arbeidde m.a. som fjellførar. Larsnipa på Jostedalsbreen er kalla opp etter han.

Han kleiv Lodalskåpa i 1884 saman med den kjende engelske tindeklatraren William Cecil Slingsby og Jens Rustøen frå Olden. Lars Jansen Batalden var førar av dampbåten «Fridtjof Nansen» på Strynevatnet frå starten av ruta i 1891 og til 1900.

Batalden flytta i 1903 til Eidsvoll.

Lodalskåpa, der Lars Jansen Batalden klatra til topps saman med William Cecil Slingsby i 1884.

Lodalskåpa, der Lars Jansen Batalden klatra til topps saman med William Cecil Slingsby i 1884.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.02.2011