Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Nyttingnes

Lars Nyttingnes, seinare Louis Foss.

Lars Nyttingnes, seinare Louis Foss.

Lars Nyttingnes (Louis Foss) (1849-1922) frå Nyttingnes i Eikefjorden. Han utvandra til Amerika, der han skifta namn til Louis Foss. Han grunnla byen Fosston i Minnesota i 1883, men vart buande der i berre to år. Årsaka var at han vart skadd i ein skytepisode der ein mann var ute etter å rane han.

Fosston i Minnestora har i 2013 vel 15.000 innbyggjarar og ein ordførar med ætterøter i Ofredal i Årdal – Jim Offerdahl.

Seinare grunnla Louis Foss ein ny stad med same namnet – Fosston - i Saskatchewan i Canada.

Han vart vald til senator i staten Washington i 1893, han var truleg den første delstatssenatoren av norsk ætt i USA.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2013