Hopp til innhold
X
Innhald

Laura Sundal Skorpen

Laura Sundal Skorpen (1898–1990) frå Norddalsfjorden, busett i Florø. Jordmor, Venstre-politikar og organisasjonskvinne.

Laura Sundal Skorpen (1898–1990) frå Norddalsfjorden, busett i Florø. Jordmor, Venstre-politikar og organisasjonskvinne.

Som jordmor tok ho imot kring 2.000 nyfødde i det vidsveimde og verharde jordmordistriktet Kinn. Ho gjorde ein stor innsats som aktiv motstandskvinne under 2. verdskrig, og fekk tildelt fortenestemedaljen for Heimevernet for innsatsen. Som leiar av Florø Sanitetsforening var Sundal Skorpen pådrivaren då Solbakken arbeids- og sjukeheim for psykisk handikappa vart bygd i Florø i 1961. Ho spela også ei aktiv rolle for å få bygd Flora alderssenter Havglytt som vart opna i Florø i 1977.

Utnemnd til æresmedlem i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2008