Hopp til innhold
X
Innhald

Livius Smitt

Livius Smitt (1840-1890) frå Vinje. Overrettssakførar i Florø frå 1867 til 1881, då han vart byfut i Brevik. Ordførar i Florø 1874-1881.

Gjennom giftarmål var han nært knytt til Venstre-høvdingane Johan og Harald Ulrik Sverdrup (sjå Balestrand kommune), men representerte sjølv Høgre på Stortinget – først som vararepresentant 1877-1879, og som fast representant 1880-1882. Etter at han flytta til Brevik, var han tre gonger stortingsrepresentant derifrå. Vart boden plass som statsråd i Emils Stangs regjering, men takka nei.

I tida i Florø var han med og grunnla «Nordre Bergenhus Amtstidende» og eigde fleire bygningar i sentrum som seinare er tekne over av handelsfamilien Trovik.

Han var ein av skiparane av Florø Træplantningsselskab kring 1870. Dette selskapet skogkledde Storåsen og Likkjeåsen og bygde gangstiar rundt i terrenget. Livius Smitt har fått ei gate oppkalla etter seg i Florø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2010