Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Solberg

Solberghuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solberghuset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ludvig Solberg frå Årebrot starta i 1912 glas- og rammeforretning i Florø. Frå 1916 også engros og daglegvarehandel.

I 1924 starta han som ein av dei første i landet eiga radioforretning, og fekk året etter tildelt autorisasjonsbevis nr. 7 som norsk radioforhandlar. Seinare utvida forretninga med radioverkstad og foto og parfymeri, frå 1948 også med skipselektronikk.

Handel frå båt

Ludvig hadde ei tid handelsreisande-båten «Bølgen» som han nytta til handel innover fjordane.

Sigurd Solberg A/S

Sonen Sigurd Solberg kom med i forretninga på 1950-talet og tok over i 1961. Forretninga heiter no Sigurd Solberg A/S. Tredje generasjon ved Jon Sigurd Solberg overtok i 1990. I år 2000 hadde firmaet 20 tilsette og ei omsetning på 32 millionar kroner.

Elkjøp held til i Sigurd Nybø-bygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Elkjøp held til i Sigurd Nybø-bygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eig Elkjøp-forretningar

Solberg-familien har vore største eigaren i Elkjøp-forretninga i Florø sidan den vart skipa i 2001. I 2007 overtok Elkjøp Florø dei to Elkjøp-forretningane i Førde og Måløy. Det nye namnet vart deretter Elkjøp Fjordane. I Florø har Elkjøp eit butikkaral på 750 kvadratmeter, 16 tilsette og ei budsjettert omsetning på ca. 36 millionar kroner i 2010.

Ludvig Solberg var bror til flypioneren Thor Solberg .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.03.2010