Hopp til innhold
X
Innhald

Mads Svardahl

M. Svardahl landhandel på Askrova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

M. Svardahl landhandel på Askrova. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mads Svardahl kom frå Svardalen og starta landhandel og fiskemottak på Askrova kring 1880. Både butikken og fiskemottaket har sidan vore i drift i fire generasjonar Svardahl.

Før Mads Svardahl starta handel på Askrova, dreiv Jakob Jeppesen ein landhandel på øya i nokre år. Ei tid skal det ha vore i alt tre landhandlar på Askrova.

Då Mads Svardahl døydde, dreiv enkja Sara Svardahl butikken og fiskehandelen vidare til sonen Ananias Svardahl Overtok. Etter han kom tredje generasjon, Magnar Svardahl. Magnar bygde ny butikk og fiskemottak i 1967.

Etter at Magnar Svardahl døydde dreiv enkja Asbjørg butikken og fiskemottaket fram til 1980 då sonen deira, Magne Svardahl, tok over.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.11.2009