Hopp til innhold
X
Innhald

Magnus Svarthumle

I dette huset dreiv Magnus Svarthumle butikk på Storebru. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette huset dreiv Magnus Svarthumle butikk på Storebru. Foto: Ottar Starheim, NRK.

starta landhandel ved vegkrysset på Storebru kring 1950. Han bygde campingplass i 1980 og dreiv under namnet Sunnfjord Camping. Då han fekk økonomiske problem i 1985, vart butikken lagd ned.

Campingplassen vart overteken av Hjørdis Ragnhild Vatne frå Helle. Ho bygde den ut til Sunnfjord Hyttegrend med i alt 15 hytter.

I 2011 tok Hans Endestad over campingplassen, som då fekk namnet Endestad Camping.

Endestad Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Endestad Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.08.2011