Hopp til innhold
X
Innhald

Maktsenter i landsdelen

På St. Olavskrossen på Svanøy står det med runeskrift: Tordr let reise denne krossen... Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På St. Olavskrossen på Svanøy står det med runeskrift: Tordr let reise denne krossen... Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ingen stad i fylket har ei så fargerik og mangslunga historie som Svanøy - frå Eirik Blodøks og baron Audun Hugleikson i mellomalderen, gjennom den steinrike erkebispen Svane og Bergens-borgarar som higa etter adelstitlar, til ny stordomstid under futeveldet og fram til haugianarane som gjorde øya til sentrum for verksemda si i landsdelen. Frå 1972 har Svanøy Stiftelse teke over og driv forsking og oppdrett på både hjort, fugl og fisk.

Men namnet på øya var opphaveleg Bru eller Bru-land, som seinare gav namnet til den merkeleg skapa Bru kommune frå 1923 til 1964 (sjå Kommunehistoria i Flora). Gjennom meir enn 1000 år har øya vore sete for nokre av dei mektigaste menn i Fjordane, anten det galdt verdsleg eller åndeleg makt over fjordingane.

På St. Olavskrossen på Svanøy står det med runeskrift: Tordr let reise denne krossen... Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På St. Olavskrossen på Svanøy står det med runeskrift: Tordr let reise denne krossen... Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eirik Blodøks og Svanøy

Fornfunn viser at øya har har vore busett frå yngre steinalder, og ei bronsenål frå ei hellekiste vert datert til eldre bronsealder. Etter lokal tradisjon skal kong Eirik Blodøks kring år 900 e.Kr. ha vakse opp hos hersen Tore Roaldsson, som budde på øya. Tore skilde frå garden Erikstad til Eirik Blodøks.

Frå 1100-talet var det kyrkje på Svanøy: Bru kyrkje. Døypefonten i kleberstein frå den første stavkyrkja står no i hovudhuset på herregarden. Ei kyrkje frå 1657 vart riven i 1872, då ein bygde ny kyrkje i Stavang på fastlandet. Men på den gamle kyrkjegarden like ved Hovudgarden står framleis den over to meter høge «St. Olavskrossen» med runeskrift som fortel at ...«Tordr let reise denne krossen etter....»

Baron Audun og Svanøy

Baron Audun og Svanøy

Baron Audun Hugleikson (fødd kring 1240) frå Jølster åtte store eigedomar m.a. i Sunnfjord. Ein av desse var storgarden på øya Bru. Då Audun fall i unåde og vart avretta i 1302, slo kongen under seg eigedomane hans. I seinmiddelalder og fram til reformasjonen i 1536 kom Bru-garden under Bergen bispestol.

Les også om futesete og adelsgods og Svanøy-godset.

Svanøy ligg ytst i Brufjorden. Her ser vi øya frå toppen av Håsteinen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøy ligg ytst i Brufjorden. Her ser vi øya frå toppen av Håsteinen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2010