Hopp til innhold
X
Innhald

Målrørsla i Flora

Elias Melvær var med på å skipe Firda Mållag.

Elias Melvær var med på å skipe Firda Mållag.

Florø var ein naturleg samlingsstad då Firda Mållag vart skipa i 1899 etter opptak av m.a. Haakon Aasvejen og Elias Melvær. Melvær, som hadde drive nynorsk kveldsskule medan han var lærar ved Amtsskulen i Gloppen, vart første formann 1899-1903.

Nynorsklosjen «Landkjenning»

vart skipa i Florø 1903. Denne vart medeigar i Ungdoms- og idrettshuset Fram.

Flora mållag

vart skipa i 1911, og dreiv kveldssskule - «målskulen» - frå 1911 til 1913. Skulen hadde 20 elevar som fekk undervisning i 39 timar nynorsk av Anders A. Lothe og 31 timar engelsk.

Kinn og Flora Mållag

Etter ein kvilepause frå 1914 og utover vart Flora Mållag reorganisert til Kinn og Flora Mållag på 1920-talet for å ta kampen opp for nynorsk i skulane. Mållaget fekk skipa nynorsk-klassar i den elles boksmålsdominerte folkeskulen i byen.

Eikefjord innførte nynorsk i skulen så tidleg som 1907. Men bygda opplevde den hardast striden i Sogn og Fjordane om innføring av nynorske salmar i kyrkja. Den varde frå 1905 til 1917, då ein stridbar sokneprest reiste. I Kinn kommune (som då omfatta noverande storkommune minus Florø by) vart nynorsk innført i alle skulekrinsar i 1919.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2010