Hopp til innhold
X
Innhald

Maren Cathrine Welhaven Sars

Maren Cathrine Welhaven Sars (1802-1889) fødd i Bergen, busett i Florø 1831-1839 medan ektemannen Michael Sars var prest der.

I tida i Florø fødde ho sønene Ernst Sars og Georg Ossian Sars. Maren var søster til diktaren Johan Sebastian Welhaven, og gifte seg med broren sin besteven då ho ekta Michael Sars. Ho fødde i alt 20 barn, og ved sida av dei to professorsønene Ernst og Georg Ossian, vart også to av døtrene, Mally og Eva (gift med Fridtjof Nansen) kjende songarinner.

Det er særleg etter at Sars-familien flytta til Oslo at Maren Cathrine Sars sette merke etter seg i norsk samfunnsliv. Her budde ho i Bærum saman med dei ugifte sønene sine Ernst og Georg Ossian Sars.

Etter fransk mønster, heldt Maren Cathrine kvar søndag «salong», der sentrale personar i norsk samfunnsliv møttest for diskusjon: Bjørnstjerne Bjørnson, Ole Bull, A. O. Vinje, P. Chr. Asbjørnsen og Jørgen Moe, og framståande vitskapsfolk og politikarar. Sentralt i denne krinsen stod sonen, historieprofessor og Venstre-ideolog Ernst Sars.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.03.2008