Hopp til innhold
X
Innhald

Marian Saastad Ottesen

Marian Saastad Ottesen fødd 1976, frå Florø. Skodespelar. Oppvaksen i Florø, busett seinare i Skien. Eksamen frå Teaterhøgskulen 1999. Deltok som ungdom i «Kinnaspelet».

Ho har vore engasjert m.a. på Oslo Nye Teater, Nationalteateret, og har hatt fleire oppdrag for fjernsyn. Ho debuterte som filmskodespelar i 2005 i filmen «Elsk meg i morgen».

I tv-serien ”Lilyhammer” som vart synt på NRK1 i 2012 hadde ho ei av hovudrollene.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2012