Hopp til innhold
X
Innhald

Martin Domben

Martin Domben. Foto: Firdaposten.

Martin Domben. Foto: Firdaposten.

Martin Domben (1900-1988, frå Domben. Fiskarbonde og motstandsmann under 2. verdskrig. Var sentral bindelekk i Shetlandstrafikken. Budde ved den einbølte Dombevågen og husa flyktningar som skulle til Shetland, og tok imot agentar og store våpenlaster til motstandsrørsla, særleg det siste krigsåret. Han var den sentrale kontakten m.a. for fenrik Ragnar Ulstein frå Kompani Linge som fekk til oppgåve å byggje opp Milorg i Sogn og Fjordane i 1945.

Martin Domben vart arrestert 16. februar 1945 på Davik under opprullinga av Milorg i Sogn og Fjordane. Vart torturert og sat i fangeleiren på Espeland til krigsslutt.

Han er tildelt den britiske ordenen "Kings medal for courage".

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015