Hopp til innhold
X
Innhald

Mercatus AS

Mercatus As er ei dataverksemd som vart skipa i Florø i 2000 av Knut Eikeland og Michael Dorfman.

Mercatus har spesialisert seg på å utvikle programvare for oppdrettsnæringa og landbruket og har i 2006 30 tilsette fordelt på hovudkontoret i Florø og i Chile.

I 2007 overtok dataverksemda Ocea i Austevoll aksjekontrollen i selskapet, som etter det fekk namnet Ocea Mercatus AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.12.2010