Hopp til innhold
X
Innhald

Michael Sars

Michael Sars (1805-1869) fødd i Bergen, busett som sokneprest i Kinn og Florø 1831-1839. Gjorde banebrytande arbeid som zoolog og havforskar. Han søkte berre prestekall ved kysten slik at han kunne dyrke hovudinteressa si som forskar.

Tok etter prestetida i Florø kall i Manger i Hordaland. Han gjorde seg internasjonalt kjend med studiar av blautdyr. Utnemnd til æresdoktor ved universitetet i Zürich 1846. Gjorde i åra 1849-1853 fleire forskingsferder langs Finnmarkskysten og til Middelhavet, og gjorde oppsiktsvekkjande oppdagingar av ukjende dyr på store havdjup.

Fekk ekstraordinært professorat ved Universitetet i Oslo i 1854. Riddar av St. Olavs Orden. I Florø er ei gate kalla opp etter Michael Sars.

Gift med Maren Cathrine Welhaven Sars. Under prestetida i Florø fekk dei sønene Ernst Sars og Georg Ossian Sars.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.05.2010