Hopp til innhold
X
Innhald

Minebelte og hamneforsvar i Flora

Innseglinga til Sunnfjord vart sperra med to minebelte: Det eine strekte seg frå øya Ospa i Nordre Solund til Kinn, og det andre mellom Batalden og Frøya.

Fram til våren 1942 var den tyske aktiviteten i og kring Florø liten. På Fugleskjerkaia rigga den tyske marinen tidleg opp ein kontrollstasjon med ein 47 mm panservernkanon og ein 20 mm luftvernkanon til forsvar. På Færøy hadde marinen ein stasjon som skulle kontrollere kysttrafikken. Ved oljetankane på Hesteneset var det vakt med ei 20 mm luftvernkanon. Seinare vart det bygt marineradiostasjonar på Florelandet og ein signalstasjon.

Under krigen hadde den tyske marinen hamnekapteinar i både Askvoll, Florø og Måløy. I Florø vart både Fugleskjerkaia, Fylkesbaatkaia, landbrukskaia i Hesteneset og brua i Brandsøy underminerte og klargjorde for sprenging.

På Kvanhovden fyr og Ytterøyane fyr og på Vallestad på øya Askrova var det kystvaktstasjonar. Den på Ytterøyane hadde dessutan ei luftverntropp til assistanse.

Luftwaffe hadde også stasjonar på Svanøy og i Florø, med flymeldespost på Storåsen.

På Ytterøyane fyr hadde tyskarane kystvaktstasjon. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På Ytterøyane fyr hadde tyskarane kystvaktstasjon. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Les meir om krigshistoria i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011