Hopp til innhold
X
Innhald

NBN Elektro AS

NBN Elektro AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

NBN Elektro AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

NBN Elektro AS vart skipa i 1979 av Per A. Nødseth.
Seinare tok sonen Anders Nødseth over den daglege drifta. Elektroinstallasjonsselskapet vart ein del av INC-gruppa då denne vart skipa av i 1984, og har m.a. hatt store oppdrag for oljeindustrien til havs. I 2006 vart arbeidet med byggautomasjon og reiseverksemda skilt ut som eige dotterselskap med namnet NBN Installasjon AS.

Dei to NBN Elektro-selskapa har i 2006 60 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.05.2010