Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Busch

Nils Busch, d. 1645. Den tredje futen som budde på Svanøy-godset etter at embetssetet vart flytta frå Fure.

Futen Busch budde i Flekke

Busch slo under seg mange eigedomar i Sunnfjord, og budde frå 1625 til ca 1645 sjølv på ein av dei; Solheim på vestsida av utløpet til Flekkeelva i Fjaler.

Bygde i 1626 oppgangssag i Harefossen på Øvre Hovland i Guddalen, og hadde inntekter frå eit rikt laksefiske i Flekkeelva.

Lånte pengar til kongen

Busch var svært rik, og lånte kongen 300 lodd sølv til krigføringa under Trettiårskrigen. Mest kjend for ettertida er likevel Nils Busch fordi han i 1626 sette opp ei matrikkelliste – dvs oversyn over jordeigedomane i Sunnfjord.

Folk frå Busch-slekta åtte garden Solheim til eit stykke innpå 1700-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2008