Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Engja

Nils Engja (1889-1978) frå Ryfylke. Lærar, og styrar av
Fiskarfagskulen i Florø i Florø frå 1924 til 1947.

Nils Engja (1889-1978) frå Ryfylke. Lærar, og styrar av Fiskarfagskulen i Florø i Florø frå 1924 til 1947.

Han gjekk m.a. på folkehøgskule i Danmark, og fekk skipa Aukra Folkehøgskule i Romsdal i 1918. Her var han lærar til han flytta til Florø. Både i Romsdal og i Sogn og Fjordane engasjerte Engja seg sterkt i målsaka, og var reisetalar i Vestlandske mållag. Far til Johan Engja (sjå denne under Kjende personar i Flora fødde år 1900-1940.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011