Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Jørgen Fuglesang og flukta frå Stalag III

Florø-guten Nils Jørgen Fuglesang var 22 år gamal då krigen braut ut i 1940. Tidleg i krigen rømde han til Shetland i ein båt frå Kvammen, og utdanna seg til krigsflygar. Den 2. mai 1943 vart Spitfire-flyet til Fuglesang skote ned over Nederland, og Fuglesang teken til fange.

Saman med andre allierte flygarar hamna han i den godt vakta krigsfangeleiren Stalag Luft III ved byen Sagan i Schlesien. Herifrå gjennomførde Nils Jørgen Fuglesang saman med omlag 80 andre krigsflygarar den 23. mars 1944 ei av dei mest oppsiktsvekkjande rømingar under den 2. verdskrig.

Etter fleire mislukka forsøk, greidde fangane å grave ein tunnel under piggtrådgjerde og minefelt. Sanden frå tunnelane bar dei med seg i lommer og bukser, og gøymde den under lause golvplankar i brakkene.

Flukta frå den sterkt vakta leiren var eit prestisjetap som gjorde Hitler rasande, og han gav ordre om at rømlingar - sjølv om det var militære krigsfangar - skulle skytast når dei vart tekne til fange. Nils Jørgen Fuglesang og fire kamaratar greidde å kome seg til grensa mot Danmark før dei vart tekne til fange den 29. mars, to dagar etter at dei rømde frå Stalag Luft III. Då ein av dei fire vart avretta med skot i ryggen, sleit dei tre andre seg lause frå vaktene, men vart skotne bakfrå.

Les meir om krigshistoria i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011