Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Jørgen Fuglesang

(1918-1944) fødd i Flekkefjord, busett i Florø. Fenrik og krigsflygar.

(1918-1944) fødd i Flekkefjord, busett i Florø. Fenrik og krigsflygar.

Gjekk mellomskule og to år på gymnas i Rouen, og deretter handelsgymnas. Rømde til England 12. mars 1941 og derfrå til Canada der han utdanna seg til flygar i det norske flyvåpenet. Vart den 2. mars 1943 teken til fange etter at Spitfire-flyet hans vart skote ned over Nederland. Hamna i den sterkt vakta fangeleiren for allierte flygarar Stalag Luft III i Schlesien, der han saman med kring 80 andre allierte flygarar den 23. mars 1944 gjennomførte ei oppsiktsvekkjande rømming (sjå Nils Jørgen Fuglesang og flukta frå Stalag III).

Vart teken til fange ved danskegrensa den 29. mars 1944 og skoten, sjølv om han var krigsfange. Ordren om å likvidere rømlingane skulle ha kome frå Adolf Hitler sjølv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2008