Hopp til innhold
X
Innhald

Nordre Bergenhus Amtstidende

Fylkestidende fredag 12. februar 1954. Som vi ser var det ikkje lokalstoff som hadde høgaste prioriteten, og at avisa var organ for Høgre er også lett å sjå. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylkestidende fredag 12. februar 1954. Som vi ser var det ikkje lokalstoff som hadde høgaste prioriteten, og at avisa var organ for Høgre er også lett å sjå. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordre Bergenhus Amtstidende vart skipa i 1872 som den første i avisa fylket (Fjordabladet på Nordfjordeid starta 1873). Initiativtakar var Livius Smitt.

Mellom 1886 og 1891 kom avisa ut i Førde. Grunnen var at redaktøren Elias M. Hole var styrar for Amtsskulen som i desse åra heldt til i Førde. (Sjå Amtsskulen i Førde.)

Skifta namn

Frå 1930 heitte avisa Fylkestidende. I 1942 vart avisdrifta innstilt p.g.a. krigen, og den kom ikkje ut att før i 1947. Den vart redigert som partiorgan for Høgre. Fylkestidende vart nedlagt i 1957.

Redaktørar har vore:

  • Livius Smitt,
  • Elias M. Hole,
  • A. Dahle,
  • Wilhelm Kvalheim,
  • Elias A. Olsen,
  • Ivar Lind,
  • R. Angell-Jakobsen,
  • Herbrand Lavik,
  • Karl Amandus,
  • Sigurd Nybø ,
  • H.C. Hansen,
  • Geir Knutsen
  • Bjørn Vasbotten.
  • Fylkestidende vart skriven på bokmål, som vi ser kom avisa ut kvar tysdag og fredag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Fylkestidende vart skriven på bokmål, som vi ser kom avisa ut kvar tysdag og fredag. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2011