Hopp til innhold
X
Innhald

Norway Foods

Det tidlegare Domstein-anlegget i Florø, no Slakteriet AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare Domstein-anlegget i Florø, no Slakteriet AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På 1970-talet vart norsk hermetikkindustri råka av ei hards krise, og eit stort tal hermetikkfabrikkar vart lagde ned. Eit nytt “fellesselskap” som heitte Norway Foods, skulle berge restane. I 1982 overtok såleis Norway Foods den tidlegare Chr. Bjellands Hermetikkfabrikk (sjå Florø Conservesfabrikk A/S, starta i 1908) i Florø, men la den ned i 1987.

I 1988 kjøpte Domstein-konsernet i Måløy anlegget og starta Florø Fiskeindustri A/S.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2010