Hopp til innhold
X
Innhald

Norway Seafarms

På slutten av 1997 vart Gofish, Troms Sjøfarmer og Haukå Settefisk slegne saman under namnet Norway Seafarms.

Som dotterselskap av Haukå Settefisk hadde Gudmund Strømsnes også med seg Frøylaks, Selje Havbruk og Sessalaks i Hellevik inn i Norway Seafarms. I 1998 kom nye oppkjøpsrundar både på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane: Med kjøpet av Vanylven Stam & Settefisk fekk dei hand om to konsesjonar for matfisk, ein for stamfisk, ein settefiskkonsesjon og eitt lakseslakteri, og i juli 1998 kjøpte Norway Seafarms Sognelaks i Leirvik i Sogn. På Færøyane sikra selskapet seg kontroll over halvparten av alle setjefiskkonsesjonar.

Namneopprydding

Men etter denne handlerunden var det på tide å rydde i namnejungelen, og på slutten av 1997 vart Gofish, Troms Sjøfarmer og Haukå Settefisk slegne saman under namnet Norway Seafarms. Som dotterselskap av Haukå Settefisk hadde Gudmund Strømsnes også med seg Frøylaks, Selje Havbruk og Sessalaks i Hellevik inn i Norway Seafarms.

Nye oppkjøp

I 1998 kom nye oppkjøpsrundar både på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane: Med kjøpet av Vanylven Stam & Settefisk fekk dei hand om to konsesjonar for matfisk, 1 for stamfisk, 1 settefiskkonsesjon og eit lakseslakteri, og i juli 1998 kjøpte Norway Seafarms Sognelaks i Leirvik i Sogn. På Færøyane sikra selskapet seg kontroll over halvparten av alle setjefiskkonsesjonar.

Frå Domstein til John Fredriksen

Frå Domstein til John Fredriksen

Ei tid var Domsteingruppa stor aksjonær i Norway Seafarms, man valde i 2005 å selje aksjane sine til skipsreiar John Fredriksen. I samband med omstrukturering mellom anlegga i Norway Seafarm vart det tradisjonsrike Svanøy Havbruk, som var starta av Svanøy Stiftelse på 1970-talet, lagt ned. I oktober 2005 vart Svanøy Havbruk starta opp på nytt av ei gruppe der Ola Sveen frå Svanøy, Skaar Norway (eigd av Helge Skaar – Sjå Skaar & Co. og Per Inge Tansø frå Florø er medeigarar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2008