Hopp til innhold
X
Innhald

Norwegian Sandstone Production AS

Steinbrotet på Seljestokken. Foto: Steinar Lote, NRK.

Steinbrotet på Seljestokken. Foto: Steinar Lote, NRK.

Norwegian Sandstone Production AS vart skipa i 2005 for å drive steinbrot og steinknuseri på Seljestokken.

Selskapet vart skipa av sveitsaren Heinz Hertig og ektemaken Ruth som selde det vidare til det store nederlandske konsernet Heijmans og belgiske Group DeCloedt.

Steinen frå Seljestokken skal nyttast i asfalt. Riksantikvaren hadde sett ned forbod mot det planlagde steintaket fordi det låg for nær gamle gravrøyser, men vart overprøvd av miljøvernministeren.

Planen er å investere mellom 120 og 150 millionar kroner og sysselsetje kring 15 personar ved full drift. Dei utanlandske selskapa har avtale med grunneigarane om drift i steinbrotet i 70 år, og kan ta ut i alt 85 millionar tonn stein.

Sandstein i fjellsida på Seljestokken. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Sandstein i fjellsida på Seljestokken. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.09.2012